Fotocredit:

Vi redder viper og begrenser cruisetrafikk

Onsdag 24.10 møtte bystyret i Bergen Kommune for å diskutere viper, mangfoldig samfunn, lokaldemokrati, cruisetrafikk med meir!

 

24. oktober 2018

Vipevenleg landbruk

Det var overveldande fleirtal for MDG sitt forslag om støtteordning for vipevenleg landbruk.

Vipebestanden i Noreg er redusert med om lag 75% dei siste åra. Bymiljøetaten sin rapport om viltet i Bergen understreker alvoret: «Om det ikke gjøres tiltak for arten, så er vipa trolig forsvunnet som hekkefugl i Bergen innen få år.»

Det hastar med tiltak, og no skal vi ta grep!

På Karmøy hadde dei stor suksess i 2016 ved å anten pløye på hausten eller tidlegare om våren i områder der det framleis finnast viper. Bøndene vart kompensert økonomisk for tiltaka som vart gjort, og vipebestanden auka frå omlag 320 til 394 på eit år.

Dette er eit av fleire tiltak som Bergen Kommune no skal utrede om dei skal nytte seg av.

Palmeolje – MDG er vakthund for naturen! 

I byrådet sitt klimabudsjett blir bio-olje løfta fram som eit alternativ til fossil-olje i Bergen sine 10 000 oljefyrer og ved forbrenningsanlegget i Rådalen.

MDG støtter at fossil-olje blir fasa ut, men vi er bekymra sidan vi veit at halvparten av norsk biodrivstoff kjem frå Indonesia. Landet i verda der regnskogen blir hogga ned raskast. Samstundes veit vi at 46% av flytande biodrivstoff i Noreg er basert på palmeolje.

Når bio-olje kan bety rasert regnskog, skal vi vere forsiktige. Derfor spurte vi byråden om ho kunne garantere at ein overgang til bio-olje ikkje vil innebære at Bergen kommune kjøper inn palmeolje.

Byråden svarte at bio-olje berre er eit midlertidig tiltak, og at Bergen kommune vil ikkje anbefale bio-olje som permanent løysing. Alt av biodrivstoff kommunen bruker skal ikkje vere basert på palmeolje. Dette er eit tryggande svar, men vi skal halde eit auge med saka.

 

Begrense cruisetrafikken

MDG fikk gjennomslag for at alle cruiseskip skal nytte seg av landstraum medan dei ligg til hamn, og at byrådet skal gje høg prioritet til arbeidet med å etablere landstraum. Vi fikk også gjennom eit mål om nullutslepp frå cruiseskip innan år 2026.

Fleirtalet i bystyret vedtok eit tak på 8000 cruisepassasjerer, og ei maksgrense på tre skip om gongen. Dette er mykje meir enn det MDG ynskja seg. Vi ville ha eit tak på to skip og 5000 cruisepassasjerer i byen. 

Vi ville også ha ei særavgift øyremerka landstraum, og frigjøre Skolten og Bontelabo til andre formål enn cruise, men desse forslaga falt.

Men vi feirer gjennomslag for både landstraum og nullutsleppsmål!

 

Bydelsstyrer – Et godt lokaldemokrati

MDG er garantisten når det kjem til å delegere makt nedover! Vi stemte for når bystyret gjekk inn for å innføre bydelsstyrer i Bergen.

Vi skulle ynskje at vedtaket vart slik at alle som bur i bydelane kunne stemme direkte på kandidatar til sitt bydelsstyre. I staden så får vi bydelsstyrer som blir utpeika av bystyret. Direkte val vil ein først ha i 2023.

MDG ville også at Bergen skal gjeninnføre formannskapsmodellen og erstatte den parlamentariske modellen som ein har i dag. Dette falt.

De åtte bydelsstyrene i Bergen. Saka held fram under bilete.

Fast track-integrering

Fjell kommune har starta eit vellykka program for integrering av flyktninger der ein satsar på jobb framfor kurs. Dei sender kompetente innvandrarar rett ut i jobb i kommunen. Noko som både gjer god læring og som er meir meiningsfullt enn norskkurs.

Vi foreslo at Bergen Kommune skulle starte med eit program for fast track-integrering etter modell frå Fjell Kommune. Dette fekk vi ikkje gjennomslag for. 

 

Andre ting:

  • Vi stemte for å regulere Kjødetomten til kulturformål
  • Vi stemte imot nedlegging av NAV-kontorer i bydelene
  • Vi støtta forslaget om et frivillig 11. skoleår for dei som fell ut av ungdomsskolen
  • På FN-dagen var vi med på å fremje eit forslag om at byrådet må legge fram ei sak om korleis dei oppfyller FNs berekraftsmål