Meir idrett, mindre bil!

Nymarksbanene. Foto: Reinhardheydt. Bilde til fri bruk.
Nymarksbanene. Foto: Reinhardheydt. Bilde til fri bruk.
Fysisk aktivitet er ei god kjelde til glede og betre helse, og mogelegheita for aktivitet og mosjon må sikrast også i Bergen. Folkehelseinstituttet viser til at fysisk aktivitet er med på å førebyggje hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2, kreft, beinskjørheit og andre livsstilsrelaterte plager, samt betre fysisk helse, skriv 6. kandidat Sunniva Kambestad.
I ein kvardag med mykje stillesitjing er det viktig med eit breitt utval av mogelegheiter innanfor idretten for at alle skal kunna finne ein form for mosjon som passar ein sjølv. I denne samanhengen er det også viktig at friluftsområde og grøne lunger i byen vert tekne vare på. Miljøpartiet Dei Grøne vil verne om byfjella og vidareføre gratis tilgang til offentlege idrettsanlegg. Me meiner det er viktig at alle skal ha mogelegheit til å drive med idrett i trygge omgjevnader utan diskriminering, og vil arbeide for små, lokale idrettsanlegg, verne om, utvide og betre byens grøntområde samt stimulere til auka deling av sportsutstyr. Mindre trafikkstøy gjev betre konsentrasjon og skuleprestasjonar blant born og unge, og generelt mindre stress og psykiske plager. Me vil arbeide hardt for eit bilfritt sentrum og eit så godt kollektivtilbod at ingen kjem til å sakne bilen.

Siste lokale meiningsmålingar gjev MDG eitt og to mandat i bystyret, så om du lurar på om du er einig med oss, er dette tida for å stemme Miljøpartiet Dei Grøne!

Sunniva Kambestad,
6. kandidat
Miljøpartiet Dei Grøne