UTSET KLIMAKRISA, IKKJE MILJØPOLITIKKEN

«Utset vi Vossabanen, er det norsk klimapolitikk i eit nøtteskal.»

I BT i helga skriv våre fylkespolitikere Pauline Tomren og Mona Høgli om regjeringas forslag om å utsetje bygginga av dobbeltspor mellom Arna og Voss.

15. september 2020

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) opnar no for å utsetje bygginga av dobbeltspor mellom Arna og Voss. Han vil heller prioritere delar av vegutbygginga. Om vi utset utbygging av Vossabanen, er det norsk klimapolitikk i eit nøtteskal.

Vi er gode på utsetjingar i Noreg. Vi utset jernbaneutbygginga, oljeomstillinga og klimakutt, og vi utset å verne natur og artane i kulturlandskapet.

Regjeringa sitt forhold til klimakrisa liknar måten mange studentar ser på eksamen – som noko som kan utsetjast.

Vi må slutte å behandle miljøtiltak som eit nyttårsforsett vi aldri oppfyller, fordi vi utset det kvart einaste år. Vi må anerkjenne dei som den største utfordringa i vår tid.