Biogass-anlegg i Bergen!

Buss drevet på biogass i Linköping. Bilde til fri bruk.
Buss drevet på biogass i Linköping. Bilde til fri bruk.

Onsdag 29. januar snakka Toralf Igesund om biogass-anlegget som skal byggast i Rådalen. Me var ti nyfikne menneske som troppa opp på Rådhuset for å høyra kva han hadde å seia om denne komande herlegdomen.

Kort fortalt skal dette anlegget koma i 2015. Det skal samla opp hovudsakeleg  kloakk, men òg matavfall frå diverse storkjøkken i distriktet. Etter grundig forarbeid skal restane etter dette ligga å godgjera seg. Den illeluktande guffa dunstar av seg metan og andre gassar som skal samlast opp og nyttast i bussar medan resten vert næringsrik jord.

Det store spørsmålet er no om det i tillegg etter kvart skal samlast inn kompost («matavfall») frå dei tusen bergenske heimar. Dette vil gi ein viss miljøgevinst fordi det kan forsyna enda fleire bussar med biogass. I utgangspunktet høyrest dette berre bra ut, men det er nokre «kritiske moment» her:

For det første må anlegget kunna ta imot 20 000 tonn i året eller meir dersom det skal vera noko utbytte å snakka om, for det andre vil det kosta kvar forbrukar 500 kroner (+25%) meir i året med den folkelege motstanden det fører med seg for det tredje er det eit problem å selja / kvitta seg med all komposten. Kvifor? Jau, fordi det er strenge krav til korleis komposten skal vera og krav om at den skal blandast inn i jorda ved pløying (noko ein ikkje driv med på Vestlandet).

Kva rådar så BIR til? Dei vil venta og sjå korleis det biogassanlegget som no er planlagt vil fungera og dei vil sjå på resultata frå store biogass-anlegg på Austlandet der dei samlar inn kompost frå heimane. Når resultata frå desse «eksperimenta» er på plass veit me meir om saken og då kan me konkludera, meiner dei.