Bilde av glade folk som hopper med de to som er innstillt som leder og nestleder på hver side.
Fotocredit:

Hurra for innstilling til nytt styre i Bergen

Valkomiteen sin innstilling til styret i Bergen MDG for 2024

 

Leiar (nyval)

Mona Høgli (f. 1955)

Mona er pensjonist, bestemor og klimaaktivist. Ho har vore folkevald i både Bergen Bystyre og Vestland Fylkesting. Ho har lang erfaring med styrearbeid både i- og utanfor MDG, og har lyst til å bidra til å bygge opp laget rundt organisasjonen.

Valkomitéen trur at Mona si breiddeerfaring frå politikk, media og organisasjonsarbeid vil vere ein styrke for lokallaget. Mona har vist at ho kan bidra til organisasjonen sine mål i både opp- og nedturar, og vil kunne bidra til stødig styring av Bergen MDG.
 

Nestleiar (attval, nytt verv)

Robert Skaar (f. 1970).

Robert jobbar fulltid som hovudtillitsvald og sitt i tillegg i styret til MDG Vestland. Robert har brukt mykje tid til å stille opp på aksjoner, og på å dra i gong aktivitetar i lokallaget det siste året. Han ønsker å jobbe for at vi tar godt vare på nye medlemmer, og at politikkutvikling skal prioriterast.
 

Økonomiansvarleg (attval)

Jon Hoel (f. 1993).

Jon Hoel har bidratt til ein trygg og fungerande organisasjon i Bergen MDG, ved å styre økonomien på ein føreseieleg måte. Han gjer ein usynleg, men avgjerande jobb for at Bergen MDG skal kunne fungere godt som organisasjon. Valkomiteen trur han vil kunne fortsette å gjere ein god jobb, og vidareutvikle vervet som økonomiansvarleg det neste året.
 

Styremedlem (nyval)

Elin Ekanger (f. 2000)

Elin jobbar som nattevakt i bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Ho har lang fartstid som aktivist i både Grøn Ungdom, NU og som representant for unge i Nordisk Ministerråd. No ønsker ho å jobbe meir med politikk på fritida, og er særleg motivert for å ha fleire arrangement, og jobbe med sosiale media.
 

Styremedlem (attval)

Fredrik Behrens (f. 1951).

Fredrik har vore ein viktig bidragsytar i styret det siste året. Han er opptatt av at det skal vere eit godt arbeidsfellesskap i styret. Han ønsker at styret skal jobbe meir med politikkutforming og medlemsaktivisering framover.
 

Styremedlem (nyval)

Frøya Skjold Sjursether (f. 2006).

Frøya har vore aktiv i Grøn Ungdom Vestland med diverse verv, blant anna som styreleiar i fleire år. Ho går andre året på VGS på linja media og kommunikasjon. Frøya stiller til styret fordi ho ønsker at Bergen MDG skal bruke meir tid på å arrangere medlemsmøte, delta på demonstrasjonar og vere meir synleg i media. Ho har lyst til å jobbe spesielt med sosiale media og hjelpe til med løypande oppgåver i styret.
 

1. Vara (nyval)

Maren Nordby Thorbjørnsen (f. 2002).

Maren studerer master i rettsvitskap på UIB. Ho har brei erfaring med engasjement frå ulike organisasjonar som jobbar med både klima- og samfunnsspørsmål, inkludert GU, NU og naturvernforbundet. No ønsker ho å bruke meir tid på å engasjere seg i politikk, og kjempe for klimarettferd.

 

2. Vara (nyval)

Einar Wiig (f. 1959).

Einar er pensjonist og jobbar med eit doktorgradsprosjekt og eit bokprosjekt. Han meldte seg inn i MDG for to år sidan, etter å ha vore medlem i Venstre i mange år. Han har mykje styreerfaring, blant anna frå eit museumsstyre, ein sjukeheim med meir. Han ønsker å bidra med kompetansen sin innanfor visuelt design og estetikk i styrearbeidet. Elles er han opptatt av at Bergen skal vere ein god by å leve i.

 

3. Vara (nyval)

Marita Johansen (f. 1989).

Marita jobbar som berekraftansvarleg i studentsamskipnaden. Ho ønsker å engasjere seg meir aktivt i Bergen MDG, og har tid og overskot til å engasjere seg i styret det neste året, og er blant anna flink til å skrive og spreie engasjement. Ho ønsker å jobbe allsidig i styret, og bidra der det er behov.