Verda rundt for kortreist mat

 

Fisketorget mellom 1890 og 1905. Bilde til fri bruk.
Fisketorget mellom 1890 og 1905, med kortreist mat til vanlige bergensere. Bilde til fri bruk.

 

«Den legendariske spanske Michelin-restauranten El Bulli trekker 5 millioner reisende hvert år. Dette kan være et forbilde for utviklinga av matbasert reiseliv i Hordaland. Vi har gode råvarer, men må marknadsføre oss mye sterkere.» Det er Gunnar Nagell-Dahl, seniorkonsulent og matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland, som deler desse tankane med BT-Magasinet. Hanen, bransjeorganisasjon for bygdeturisme og gardsmat, gler seg over same trenden: «Turister reiser verden rundt for å spise kortreist gourmetmat.» Underskrivarane er uroa over denne tendensen innan kortreistmat-rørsla.

Attfinninga av kortreist og helst økologisk mat var ein reaksjon frå miljø- og landbruksorganisasjonar på globaliseringa av maten i regi av multinasjonale konsern. Slowfood-rørsla oppsto i Italia, og har no avleggarar over heile verda. «Food milage» vart eit omgrep for å syne kor mykje CO2-utslepp reisa til maten fører med seg. Framtiden i våre hender har likevel vist at handleturen med bil til butikken som regel fører til større utslepp enn mykje mat med lang reise før han hamnar i disken. Sjølv norsk torsk som har vore tur-retur Kina for å bli kvitt skinn og bein har produsert mindre CO2 per kg fisk enn handleturen til kunden. Det seier seg sjølv at ein turist som reiser til Noreg for å ete og dra igjen medfører enorme mengder CO2 per kalori i magen. Det er mange som reiser som slike ”foodies”, til dømes til El Bulli eller til Noma i København. Det er ikkje noko å kopiere.

Me er ihuga tilhengarar av kortreist mat, og er heller ikkje imot turisme. Men me ser helst at turisten reiser langsamt, blir lenge og et mykje mat frå norske bønder og fiskarar før han returnerer. Dette har òg ei sosial side: Matkvaliteten skal vere god, men ikkje verta ein ekskluderande klassemarkør for dei rikaste. Det er vanlege folk som treng meir sunn og næringsrik mat. Me stussar når ein prisløna restauranteigar i Bergen på kortreistmat-konferanse i Norheimsund omtalar råvarene fjordfiskarane på Hardangerfjorden leverer som mindreverdige varer ho ikkje kan nytte på kjøkenet sitt. Den same fisken vert omsett i tonnevis i ferskvarediskane i Bergen, til glede for den vanlege bergensar. Viss segmenteringa av kundar spissar seg mot dei som ikkje skyr pengar og CO2-utslepp for eit eksklusivt måltid, er det grunn til å stoppe opp å tenkje over kor me vil med kortreist mat frå Hordaland.

Då er me attende til Gunnar Nagell-Dahl, ein offentleg mann med makt til å prege utviklinga. Er han likegydlig til dei sosiale og miljømessige rammene kring matsatsinga i regionen? Vi håper styremedlemskapen hans i Slowfood Bergen trekker i motsett retning. Nyleg tala Slowfood-grunnleggjaren Carlo Petrini til FN sitt forum for urfolksaker. Der la han vekt på samanhengen mellom matproduksjon, retten til mat og miljø: «Kombinert med klimaendringar, kan det aukande tapet av artsmangfald blant plante- og dyreartar føre til eit frykteleg problem i åra som kjem.» Vidare skildrar han den beste maten som «…god, slik at han er ei glede for alle å ete; rein, slik at han ikkje øydelegg miljøet og ressursane til Moder Jord; rettvis, slik at han respekterer arbeidarane på land, sjø, beitemark og skog…».

Me ønsker ikkje at dei som bidreg mest til å øydelegga grunnlaget for matproduksjonen skal sitja øvst ved bordet når me byr fram lokalmaten vår, og utfordrar Slowfood Bergen og Matattachéen i Hordaland til å presentere sine syn.

Tom Tomren, rep. Hordaland fylkesting for Miljøpartiet dei grøne.

Sondre Båtstrand, rep. Bergen bystyre for Miljøpartiet dei grøne.

Tore Bergum, regionleiar i Oikos – Økologisk Norge.

Frode Strønen, styreleiar i Samvirkelaget Fiskfråfjorden.